mandag 18. mai 2009

...and 12 points for Norway!

Klokka var omtrent 8 på kvelden. Sola varma framleis og forventningane til 17. mai begynte å melda seg. Datoen var 16. mai og den oppvakte lesar forstår då at denne kvelden var det Grand Prix-finale i Moskva. 12 points for Inge som inviterte til Grand Prix-fest. Sjølvsagt med intern poenggjeving.

Som ellers ofte i vår studentkvardag, var magane våre tomme. Ordtaket seier: "gå ikkje med magen tom på grand prix-fest, det gagnar ingen". Me ville ikkje vera te ugagn så me tok turen innom 7-eleven for å fylla på med baconpølse før vi fortsatte vandringa til festen.


2 points for sprutete ketchup. 5 points for kald baconpølse. 12 points for 7-eleven som hadde pølsefest. Velg kva for helst pølse til 20 kr.


Litt kultur på vegen er aldri å forakta. 10 points for Bryggen i Bergen and 12 points for Synnøve som måtte vera turistfotograf.


12 points for Inge si, oh so good, forklaring på korleis deltakarane på festen skulle avgje røyster og systematisk føra poenga inn i det svært velutvikla poengskjemaet, utvikla av familien Økland over fleire år.
Våre skyhøge forventningar til Alexander Rybak vart innfridde. Fairytale vann både Grand Prix-finalen og vår eiga avstemming (merkeleg nok) samt hjarta til Hanna.
Me takkar for ein fantastisk kveld!
.......................................................
Inge.....24
Synnøve.....12
7-eleven.....12
Bryggen i Bergen.....10
Kald pølse.....5
Sprutete ketchup.....2
Kva er eit synonym? Eit ord me bruker når me ikkje klarer å stave det ordet me eigentleg hadde tenkt å bruke.