lørdag 1. desember 2007

Eg har fått kalender i posten, men oppdaterer bloggen allikvel...

I dag er det 1.desember, dette har me feira med å opna første luka i sjokoladekalenderen, og skrapt første ruta i den andre kalenderen. I tillegg har me bakt kakemenn og høyrt på julemusikk ;)

Hermund og eg har diskutert framtida til sagatull i det siste. Me har kome fram til at me har to alternativ;
1. Sletta bloggen
2. Byrja å blogga litt...
(Eg voner at me begge er einige om alternativ 2.)

Nytt sidan sist innlegg:
Sist veke hadde skulen eit fellesprosjekt, der me gjekk tilbake i tid, nærare bestem til år 1867. Heile skulen vart delt inn i 9 ulike grupper, der kvar gruppe var ein stand i samfunnet, alt frå embetsmenn til husmenn. Kvar gruppe fekk egne vekesoppdrag og dagsoppdrag, det var utruleg spanande. Sidan me var i år 1867 hadde me ikkje lov å bruka mobiltelefon og internett i skuletida, og dersom me braut desse reglane kunne me risikera å verta anmeldt og enda opp i gapestokken.

Som avsluttning på dette fellesprosjektet reiste me på tur til Oslo. Der var me på forsvarsmuseumet og på rebusløp rundt i Osloby. Standen min, handverkarar, vant faktisk rebusløpet!

I Oslo hadde eg ein traumatisk oppleving:
Elise og eg går rundt i Oslo for å finna Bislett Kebab, medan me går der og aner fred og ingen fare kjenner eg at nokon hiv noko på hovudet mitt. Hmm, kva var det, tenker eg, og ser meg litt rundt... Ingen kjentfolk tilstades, så tar eg handa opp på hovudet for å kjenna kva dei kasta... Då møter handa mi noko ekkelt og klissete -> ein måkebæsj. Ikkje nok med å få måkebæsj i hovudet, fekk eg store mengder på låra. (5 minutt før dette skjedde hadde eg sagt; "eg likar ikkje fuglar, eg trur rett og slett eg er litt redd for måker!")

Elles, vil eg ynskja alle ei god adventstid. Dersom me får kommentarar på dette innlegget, lover eg at det kjem eit nytt innlegg før jul med bilete frå dei siste tida her på Sagavoll...!
Kva er eit synonym? Eit ord me bruker når me ikkje klarer å stave det ordet me eigentleg hadde tenkt å bruke.