fredag 31. august 2007

:O

ok, det kjens som at me har vore her på Sagavoll i lange tider... men røynda fortel oss at me berre har vore elevar her i litt over ei veke... (:O)

Som tidlegare nemnd skjer det noko heile tida. Her skjer det hårreisande saker skal eg sei deg...
Hermund har slutta !!!!.... på FBI... (:O)

Men frykt ikkje, kjære lesar... Han er no komen til ei stad der har har det mykje betre enn der han kom frå... Interkulturell Fokus er no hans nye heimstad... Han har gjeve kommentarar om saka som Sagatull (c) har fått rettigheitene til:

- Eg er svært glad for å sleppe å sove ute i minusgradar lenger, og ser svært fram til å sove blant løvene i Afrika, der studieturen går til...


(Alt OK med Hanna)

torsdag 23. august 2007

I god behald og godt humør...

Eigarane av Sagatull(c) er svært glade for å kunngjera at ja, me har komt fram til Sagavoll folkehøgskule. Etter ein særdeles grusom togtur der alle var superovertrøytte og regelrett teite i hovudet, kom me fram. Engelte meir flau over oppførselen enn andre.

Det har gått nokre dagar. Me er godt i gong med å etablera oss som kvikke og positive skuleelevar. Her er ingen dag keisam:P
Kva er eit synonym? Eit ord me bruker når me ikkje klarer å stave det ordet me eigentleg hadde tenkt å bruke.